Solfest og karneval
I dag har me feira at sola har kome att på heile Hafslo. Me kledde oss ut som cowboyar og indianarar, og gjekk i karnevalstog til Hafslo barnehage og ein rundtur opp i sentrum. Etterpå fekk me servert tomatsuppe som studentane i 1.klasse hadde laga til oss. Tilslutt var me ute og leika saman med 1.klasse i den fin vintersola :)