A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Skulefrukt

Skulefrukt til nytte og glede

Kvar dag kl. 10.30 står eit stort fat med fristande, oppdelt frukt klar i garderoben på Indre Hafslo oppvekstsenter.Elevane kan velje mellom mange ulike frukter, og dette set dei stor pris på. Elevane er ofte svoltne i tredje time, men etter at me fekk skulefrukt har me sett at det er lettare å halde konsentrasjonen opp.

Er det ein dag me har "gløymt" frukta så får me spørsmål frå elevane om ikkje frukta kjem snart. På Indre Hafslo oppvekstsenter fungerar skulefruktordninga kjempegodt, og me ser at det er lite svinn. All frukta går i magen til elevane og ikkje i boss-spannet! Så me ser på skulefrukta som ei ordning til glede og nytte.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS