
Skidag på Mollandsstølen
På tysdag var heile skulen samla til skidag på Mollandsstølen. Me hadde ulike skileikar som hopp, skiskyting, stiv heks og kulekøyring. Klokka 11.30 samla me oss til grilling. Etter mat var det høve for dei som ville til å gå til Bondehaug. Me hadde ein flott skidag der alle såg ut til å kosa seg :)