
Praktisk matte
Papptalerkar med tal og numicon brikkar kan brukast til so mykje. I år har me brukt dei til å øve på tala frå 0-10. Me har brukt dei når me har øvd på tiar-venner, og no brukar me dei til å øve på tala frå 10-20. I tillegg er det kjempefint å bruke numicon brikkar når me skal lage pluss og minus oppgåver. 2.klasse har nytta numiconbrikkane til dobling og halvering. Dei har også nytta dei til å øve på partal og oddetal.