A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Onsdag 22.mai hadde me foreldremøte

Oppvekstsenteret inviterte alle foreldre/føresette til møte om framsnakking
Onsdag samla me alle foreldre/føresette i gymsalen for å sankke om eit av satsingsområda våre, framsnakking. Me hadde vore så heldig å få Geir Navarsete til å komme for å snakke om sine synspunkt rundt temaet framsnakking. Eit stort og utfordrande tema som alle treng eit påfyll av dagleg.

Han snakka om korleis dei hadde tenkt på Kaupanger skule og kva han tykkjer er viktig å ha fokus på. Han la vekt på at ein skal vere positiv og imøtekomande samtidig det var lov til å ha dårlege dagar men då hadde ein ansvar for å ikkje smitte andre.

Etter ein inspirerande økt med Geir fekk alle i oppgåve om å skrive ned minst tre punkt om kva oppvekstsenteret er gode på og kva me har som utfordringar. Det kom fram mange gode synspunkt som me tek med oss vidare i arbeidet for å utvikla oppvekstsenteret.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS