Om SFO
SFO er ope kvar dag måndag-fredag frå kl.07.00 til 16.00.
Du kan få direktekontakt på mobilnr 47 97 39 64.
Søknadsfrist for ny plass i SFO: 1.februar
Oppseiing / endring av plass i SFO skal gjerast med to månaders varsel med verknad frå den 15. i kvar månad.
SFO er eit tilbod for elevar i 1.-4.klasse.
Dagane våre på SFO ser omlag slik ut:
Morgon: Elevane får ete nista si i fred og ro saman med dei andre. Det er roleg inneleik.
Etttermiddag: Elevane vil få litt mat og frukt, og dei vil ha ulike aktivitetar inne og ute i løpet av året.
Måndag: Skuledagen er slutt 13.20. Utetid: 13.20- 14.30. Frukt/mat: 14.30-15.00. Utetid 15.00-16.00.
Tysdag: Skuledagen er slutt 13.20. Utetid: 13.20- 13.40. Leksehjelp 13.20-15.20 (berre tilbod for
4.klasse). Aktivitet: 13.40-14.30. Frukt/mat: 14.30-15.00. Utetid 15.00-16.00.
Onsdag: Skuledagen er slutt 12.20. Utetid: 12.30-13.15. Inneaktivietar + tilberedning av måltid: 13.15-14.30. Utetid: 14.30-16.00
Torsdag: Skuledagen er slutt 14.20. Fruktmåltid: 14.30-15.00. Utetid: 15.00-16.00
Fredag: Skuledagen er slutt 13.20. Utetid: 13.30-14.30. Fruktmåltid/ inneaktivitet: 14.30-15.15. 15.15-16.00: Utetid
I utetida vil det variere mellom frileik, styrte regelleikar og gåtur.
Me vil ha fokus på fysisk aktivitet med meir utetid på SFO òg. Det er difor viktig at alle har gode kle med seg. Me vil ha med oss mobiltelefon når me er ute.
Helsing Marit, Solveig, Siri Ann og Eli.