A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Olweus-dag med flinke elevar!

olweusdag 5.2[10].jpg

Torsdag 5.februar hadde me Olweus-dag på skulen. Elevane vart delt i grupper, og fekk ulike oppgåver - dei skulle skrive eit vennskapsdikt som skal opp på Olweus-veggen vår, deretter skulle dei enten øve inn eit rollespel eller ein dans med tema me jobbar med i Olweus. Her var det mange kreative sjeler, og mykje flott arbeid vart nedlagt, m.a dans som omhandla mobberingen, og rollespel som viser kva me bør og ikkje bør gjere når me kjem på gruppe med elevar me kanskje ikkje likar så godt. I siste time framførte elevane for kvarandre, før me avslutta med Bestevenn-sangen til Odd Nordstoga. Ein flott dag!!

olweusdag 5.2[3].jpg   olweusdag 5.2[4].jpg 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS