A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Nissemarsj 1

Luciadag med nisse-marsj

Fredag var ein aktiv dag for både små og store. Me starta dagen med samlingsstund. Det var barnehagen som haddde ansvaret for denne og me fekk høyra mange flotte songar.

Etter samlinga var det tid for å dele gruppa. Dei eldste i barnehagen og 6.klassingane tok då til med "lusse-katt" baking. Dei andre elevane på skulen gjekk nissemarsj om Lambhaug. Her var det lagt inn oppgåver undervegs som dei måtte løysa. Klokka 11.30 var alle elevane samla på uteskulen til felles matøkt og leik. Klokka 12.30 kom også dei eldste i barhagen bort på uteskulen. Og i flott vinterver samla me oss til felles kosestund med "lusse-kattar" og gløgg. Då dagen var over var me alle samde om at dette hadde vore ein kjekk dag. Det er fllott å kunne samle heile oppvekstsenteret til felles opplevingar. Vil du sjå bilete frå denne dagen så kan du sjå under bileta til 1.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS