Litt sfo nytt
Dei sistevekene har me hatt mykje ulike aktivitetar på SFO. Når snøen låg fin ute, var me mykje ute og leika isnøen. Kjekt for alle med litt snø. No er snøen våt og sørpete, og då blir det mykje blaute kle i løpet av dagen. Me på SFO ynskjer at ungane har nok bytekle i garderoben til at me og kan vere litt ute på ettermiddagen, så ta ein sjekk i garderoben om bytekle er på plass.
Me lagar ulike ting på SFO, og denne veka har me atarta med å lage litt påskebileter som me har kløpt ut og laminert. Me har også starta med å lage våre eigne draumefangare. Dei vil me ha hengjande til pynt i vundaugene våre ei stund før dei får dei med seg heim. Fredag startar me opp med å lære oss å lage armbånd i makrame. Dette krever litt trening, menme trur at alle som vil kan klare dette.
Me har hatt mykje forskjellig varmmat, og nokre av varmmaten me lagaer er veldig populær, medan noke er mindre populært. Pølser, pizza, grønsaksuppe, lappar, tomatsuppe, fiskeburgar er nokre eksemplar på kva me har laga. Ein måndag laga me fiskesuppe med fiskepudding oppi...... me lagar ikkje det fleire gonger.
Ynskjer alle ei riktig fin og god helg.