A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
20160401_112334

Kven var det som ville vera med oss på uteskulen i dag?

Det er 1.april i dag og då elevane ropa på meg å sa dei såg eit brunt dyr som sprang forbi dei så trudde eg det var ein aprilspøk.

Det var ikkje ein aprilspøk. Elevane såg eit brunt dyr som sprang forbi dei, over bøen og inn i skogen. No har me jobba med dyrespor i heile vinter, men me har aldri fått så " ferske" spor som i dag. Dyret hadde poter på størrelse med ein stor hund, og det var fem klør på kvar pote. Dyret var lågt på føtene, og fargen på pelsen var mørke brun. Det var nok eit mårdyr, men kva mårdyr veit me ikkje. Spennande var det i alle fall. Kjekt var det også å komme bort att på uteskulen. Grilling, leik og spikking var kjekke aktivitetar i dag og. Me fekk også tid til å sjå på treet vår. Treet er ei bjørk, og me såg at treet no var begynt å få knoppar.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS