A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kjekk utedag med skattekiste og fantasifigurar

I dag har 33 ungar frå oppvekstsenteret hatt ein flott dag på uteskulen. Me starta det heile med å lage skattekister med kylling, laks og grønnsaker som me skulle grilla på bålet.

Litt venting vart det sjølvsagt før alle fekk mat, men til slutt var alle gode og mette. Elevane var delt i aldersblanda grupper, og det er kjekt å sjå at fire , fem og seksåringar kan leike med åtte, ni og ti åringar. Etter mat og litt leik var det tid for arbeid. No skulle alle gruppene laga ein fantasifigur av snø. etterpå skulle denne figuren målast i fine fargar. Og de kan tru det vart mange flotte figurar. Skilpadde,slange med tre hovud og einhjørning  var berre noko av det som vart laga. Vil du sjå bilete av alle desse flotte figurane så kan du sjå under bilete på sida til 1.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS