Januar
Då var me komen godt i gang med det nye året på SFO.
Ruske ver har gjort at me har vore ein del inne, masse blaute klede etter skuledagen.
Me har byrja med strikking på SFO, kjempekjekt. Me prøver oss på ugler.
Sjakk er veldig populært hos gutane for tida, mange flinke spelara.
Fredag fekk me servert fiskebollar i kvit saus, potet og raspa gulrot.