HAUSTEN PÅ SFO
Me har hatt ein fin haust her på SFO. Me var mykje ute tidlegare i haust, då gjekk det mykje i fotball og klatring i den nye klatreparken.
Dei siste veken har me våre inne på ettermiddagane. Mykje frileik, handarbeid, teikning, perling, lydbok, speling og hopp og sprett i aulane.
Me har i felleskap laga vennskapstre som me har hengt opp inne på SFO, alle har laga handa si og limt opp på trestamme.
Fredagane har 4. klassingane eigen "klubb". Dei har sjølve kome med forslag på navn på "klubben", som vart FKC, og dei har våre med å bestemme kva aktivitetar dei skal ha. Til no har det våre karaoke, laga sjøvportrett, matlaging og leik i aulaen.