
Haust på uteskulen
No jobbar me med tema hausten på uteskulen, og me har plukka både blåbær og tyttebær. Og i dag var det tid for å smake på det me hadde hausta.
På fredag laga me både blåbærsyltetøy og tyttebærsyltetøy. Me kunne ikkje ete berre syltetøy så derfor måtte me også laga pannekaker. Du og du kor godt det smaka med pannekaker og nyrørt syltetøy. Vil du sjå bilet frå uteskulen så kan du sjå på bileta til 1.klasse.