A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Gardsbesøk til Hans Fredrik

I naturfag skal me byrje med kapitellet som omhandlar garden, husdyr, meieri og slakteri. Me var difor heldige som fekk lov å kome på besøk til Hans Fredrik for å sjå dyra og garden hans. 

12083634_10156139041145451_129487488_n
12047564_10156139041490451_1727496673_n
12047766_10156139041620451_1966104152_n
12048535_10156139041780451_566615048_n
12067110_10156139041390451_942786133_n
12067969_10156139040965451_1313798598_n
12071729_10156139040725451_1438641029_n
12071858_10156139041035451_122348089_n
12077449_10156139040675451_1559129659_n

I løpet av gardsbesøket fekk me sjå både grisar, kyr og kattar. Det store var nok kattungane som berre var nokre veker gamle. Elevane fekk moglegheit til å halde og klappe dei tre kattungane, sjølv om dei var litt sky og gøymde seg vekk av og til. Kyrne stod på beite. I grupper fekk elevane gå ut å helse på dei. Her fekk dei sjå korleis jura til kyra såg ut og kor mjølka kom frå. Me vart òg fortalt at kyr som saug mjølk frå andre måtte ha ring i nasen.

Etter me hadde sett på kyrne, såg me på kattane og grisane. Då me såg på grisane var det nokon av elevane som lærde på den harde måten kvifor ein skal vera forsiktig rundt straumgjerder. Heldigvis var dei tøffe og tok det med eit smil. Under lunsjen var det fleire som hadde spørsmål til bonden Claus, og medan me fekk svar på alt me lurde på, smaug dei små kattungane seg rundt oss. 

På slutten av dagen fekk me sjå stabburet, reiskapshuset (der me òg åt lunsj) og fjøsen. Me lærte at i stabburet oppbevarte ein mat, som til dømes kjøt.  Før me reiste tilbake til skulen fekk elevane leike fritt. Nokon leikte sisten rundt posane med sagflis, medan andre gjekk på stylter og såg på kattane.

Dagen på garden var kjekk og lærerik for både born og vaksne!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS