A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Juletre

Ei tradisjonell førsjulstid

Tradisjonar er viktig i førjulstida, og slik er det også ved Indre Hafslo oppvekstsenter.

 På måndag var det julefest.Mykje folk hadde møtt fram for å sjå eit flott julespel. Alle dei fine julesongane sette oss i god julestemning. Etter programmet var det kaffi, kaker og brus til alle.Litt gang rundt juletreet vart det også.Ut på kvelden hadde også tre nissar teke seg tida til å stikke innom oss. 

På tysdag starta me dagen med nissemarsj. Då var også dei eldste i barnehagen med oss. Medan nokon gjekk nissemarsj var det andre som var att på huset for å lage lunsj, og klokka 11.30 kunne alle på heile oppvekstsenteret benka seg i ein flott julepynta gym.sal. Me åt og kosa oss lenge, og så avslutta me stunda med å synge julesiongar. Då var det kjekt at "gammel-rektoren" hadde stukke innom for å gi oss tonefylgje. På slutten av dagen fekk elevane velje mellom tre ulike julefilmar som dei kunne sjå.

På onsdag starta me dagen med adventsstund i gym.salen. Her vart den hemmeleg nissen avslørt.Me fekk også vite om nokon hadde opplevd nissegleder og nissestrekar i desember. Etter andventsstunda gjekk turen til Fet kyrkje og ei fin julegudsteneste. Elevan deltok både med teikn, song og tekstlesing. Dette vart ei fin avslutning på ei god førsjulstid. Vil de sjå bilete frå førsjulstida på Indre Hafslo oppvekstsenter så kan de sjå i albumen til 7.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS