A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

9. kl

Fadderspeling 4

Speletime

Fredag 29. januar møttes 1. og 6. klasse til speletime. Me brukte 1. klasse sitt klasserom og SFO. Både små og store kosa seg :) 

2016-01-31
Skriveøkt 1

Å skrive til bilete

Fredag hadde 1. klassen skriveøkt. Dei limte inn eit bilde i boka si og skulle skrive ord og setningar til bilete. Me lærarar ser ein enorm utvikling både på skrift og innhald i teksten, dette er moro å sjå :) 

2016-01-31
På isen1

På skøyteisen

Me hadde nokre kjekke timar på isen. Her er nokre glimt fra det.

2016-01-25
Kosar oss rundt bålet

Tur 20.01.2016

Me hadde ein fint tur til Langholmen med mykje fin leik og bålkos.

2016-01-21

Mappa

Me ber om at alle meldingsbøker ligg opne i mappa dersom det er melding. På den måten går det raskare å sjekke mappene og me kjem igang med undervisninga.

2016-01-15
HOS - song 2

Onsdag 13.januar

I dag song me jula ut på omsorgsenteret. Me åt maten vår der og før me gjekk fekk me plukke ned litt julepynt.

2016-01-13
Aking på isen

Tur onsdag 6.1

Me tok oss ein liten tur denne onsdagen. På grunn av det kalde været valde me å vere på skulen til me hadde ete. Desse timane brukte me til leik på SFO og til å lage papirfly og måle kor langt dei flaug.

Når me gjekk ut gjekk me mot trollskogen, her fann me oss ei akebakke.
Det var mykje aktivitet og alle kosa seg, me er einige om at ein ikkje alltid treng snø for å ake og ha det kjekt.

2016-01-08
santa lucia 1

Santa Lucia

Fredag 11. desember tok me Lucia-feiringa på forskudd. Me pynta oss med lys, stjerner og kvite klede før me gjekk syngande rundt i det kvite bygget. På vegen delte me ut pepperkaker.

 

2015-12-11
adventstund 1

Adventstund

I dag var 1. - 4. klasse samla i musikkrommet. Me hadde me besøk av presten Vegard og organisten Helene. Me song julesonger, dramatiserte jule-evangeliet.

2015-12-11
Powered by CustomPublish AS