A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

9. kl

10

Bilete av ting me finn i naturen

Tysdag 12.4 hadde me K/H ute på skuleplassen - klassen vart delt inn i ulike grupper og dei fekk kvar sitt ark. På arket skulle dei laga eit bilete med ting dei fann rundt seg. Me trena både kreativitet og samarbeidsevne i dag. Det vart flotte produkter tilslutt :)  

2016-04-12
Leikeplassen 6

Tur til leikeplassen

Onsdag 6. april hadde me oss ein fin til til leikeplassen. Det var framleis ein del snø, men me kosa oss med ulik leik.

2016-04-12
IMG_9188

Faddersamarbeid

Torsdag 10.3 åt 1. og 6. klasse ilag på SFO. Det var ei kjekk matøkt :)

2016-03-11
image[9]

Ei nydeleg turdag

I dag (onsdag 9.3) tok små og store i 1.klasse på oss skia og vandra bort i Tang. Her var det hopp, utfordrande bakker og løyper me kunne gå i. Me hadde ein flott og kjekk dag. 

2016-03-09
image[8]

K/H-påske

Me har laga påskehøner, dei er på veg heim i sekken ein av dagane. 

2016-03-09
image[7]

Siste dagen til studentane

Me hadde ei flott markering av den siste dagen til studentane. Dei hadde baka muffins og me såg film og spelte. 

2016-03-09
image

Leik med fadderne

Det har vert samarbeidsveker i PALS, me inviterte 6.klasse til uteleik. Både store og små kosa seg. 

2016-03-09
skimenn-utstilling

K/H-produkt

I den siste tida har me arbeida med å lage skimenn av doruller. No står dei på ski i akebakken (på utstilling i gongen utanfor klasserommet).

I dag starta me med å lage litt vår/påskepynt. Me måla, klippa og limte.

2016-03-01
solfest (ingress)

Solfest 24.2

I dag møtte det opp flotte jenter og guter på skulen. Dei var alle utkledd som cowboy eller indianer. Dei første to timane var me inne i klasserommet og hadde vanleg undervisning. Så kledde me på oss utklede og gjekk ein runde rundt i bygda. Me var innom Hafslo barnehage og hadde ein liten konsert der. Når me kom tilbake på skulen venta studentene på oss med tomatsuppe. Me åt og kosa oss med suppe og mat før me hadde leikestund med 2. klassen. Alle var einige om at dette var ein fin dag J

2016-02-24
Powered by CustomPublish AS