A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

FORELDREKAFFI

Torsdag 27. februar inviterar me på SFO alle foreldre på kaffi og fastelavensbollar.

Me serverar frå kl. 14.30 til 15.45.

 

2014-02-25

VEKE 7.

Denne veka har me hatt tomatsuppe med makaroni og grove scones, kjempe godt. Me er kjempeheldige som har Svein og Siri som vil lage varmmat til oss kvar onsdag.

Ilyas som er på skulen i språkpraksis skal no vere me oss tysdagar og fredagar.

Torsdag var det knekkebrød, etter mat var det valgfritt om ein ville vere inne eller ute.

Fredag var me i aulaen og hadde røris etter frukt. Me blir kjempegoe på røris på SFO:)

Så står vinterferien for tur, og SFO er ope kvar dag i ferien.

2014-02-17

VEKE 6.

Då var endå ein flott veke på SFO ferdig.

Denne veka har me hatt grove pitapizza til varmmat, noko som er veldig populært:-)

Torsdag etter frukt gjekk alle ut, me samlast på kunsgrasbana og leika "Hauk og due" før det var frileik.

Fredag hadde me kino i aulaen,dei som ville kunne sjå filmen "Rive Rolf". Nesten alle såg film, nokre valgte å lage morsdagskort.

 

 

 

2014-02-10

VEKE 5

Då var enda ei veke slutt, og helga står for tur.

Denne veka har me hatt fiskebollar i kvit saus til varmmat onsdag, kjekt å sjå so mange som er flinke til å skrelle poteter:-)

Ingen snø og lite å finne på ute, men dei som har hatt lyst har fått vore ute.

Inne har mange laga masker, både dyr og skumle monster. Speling, teikning, legobygging og kapplabygging er nokre av inneaktivitetane me driv me på SFO.

 

2014-01-31

BILDER

No har me fått oss digital fotoramme på SFO, her blir det lagt inn bilder frå kvardag og feriear på SFO.

Håpar alle tek seg tid til å kike på bileta.

 

2014-01-28

VINTERFERIE

Frist for innlevering av påmelding til SFO i vinterfeien er fredag 31. januar.

2014-01-28

SPRÅKPRAKSIS

Kvar torsdag framover skal Ilyas frå Somalia vere med oss på SFO,

han skal ha språkpraksis her.

 

 

 

2014-01-21

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!

Me på SFO vil ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år.

Hugs at SFO er stengt torsdag 3. januar grunna planleggingsdag.

2013-12-17

SFO I JULEFERIEN

Det er sendt heim skriv om SFO i juleferien, hugs frist for påmelding innan 6. desember.

2013-11-26

MATPENG

Har sendt heim rekning på matpeng for hausten,

håpar at dei som ikkje har hugsa å betale kan gjere dette snarast.

2013-11-21
Powered by CustomPublish AS