2. kl

Velkommen til bygdakafè
Måndag den 14.september kl. 11.00-13.00 blir det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi; kaker og saft. Så ta turen til Indre Hafslo oppvekstsenter denne dagen! Helsing 5.,6. og 7.klasse
Oppmoding frå helsesyster
Alle føresette vert med dette oppmoda om å jakte på uønska venner vi kan ha erverva oss i løpet av sommaren.
Vennskap
I samband med fokuset på det å vere ein venn har heile skulen gått saman om å lage eit vennskapshjarte som heng i gangen vår. Her er det masse flotte dikt om vennskap! Ta ein titt innom og les!

Endeleg vår på uteskulen
I dag har det vore full aktvitet på uteskulen. Endeleg var snøen vekke, og me kjende også at sola varma. I myra var det mykje liv, og dagen i dag skulle brukast til å finne ut kva som rører seg i myra no om våren.