A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

9. kl

2016-06-10 09

Sister dager i gamleskulen

Torsdag og fredag brukte me ein del tid på å rydde ut av gamleskulen. Då vart pulter og stoler plassert bak i klasserommet. Me bar bøker og anna utstyr til eit lager og sende heim både ark og byteklede. 

Når klasserommet vart rydda var det golvet som vart brukt som pult, ungane teikna og rekna på golvet mellom all ryddinga. 

2016-06-12
2016-06-09 11

Kulturøkt 9.juni

Torsdag 9.6 inviterte me solungane og 2.klasse til kulturøkt. Me framførte noko av det me har øvd på og lært i løp av våren... 

Siste time var me ute og leika med barna frå barnehagen...

2016-06-12
2016-06-01 12

Siste tur til Trollskogen

Onsdag 8 juni tok me sekken med oss til Trollskogen. Dette var den siste turen til Trollskogen i 1.klasse 😃 

Her var det mykje fin leik og me kosa oss i det fine været. 

2016-06-12
IMG_5807

Trollskogen 25.mai

1.klasse i Trollskogen i flott ver.

2016-05-27
img_9680

Onsdag 18.5

I dag pakka me sekken og gjekk oppover mot Gerd. Naboen hennar Tage har høns i hagen. Me fekk sjå både hane, høner og nokre kyllinger.

Etterpå åt me og leika i hagen til Gerd før me gjekk tilbake på skulen.

2016-05-20
17

Tur onsdag 11.mai

Øving på å gå i 17.mai tog. Me gjekk frå skulen og ut til kyrkja. Me åt maten vår i sola før me gjekk tilbake til skulen igjen.

2016-05-12
samarbeid 1 og 4

Samarbeid mellom 1. og 4. klasse

I vinter har 1. og 4. klasse hatt gym saman. Me avslutta samarbeidet med å hoppe tau i gymsalen. Her var det mange aktive barn :)

2016-05-12
IMG_9491

Toneskrinet med Judith Vestereim

I dag var siste øving med toneskrinet, me har lært 6 flotte folkesonger og elevane har teikna kvar sine hugselapper til alle songane. 

I dag hadde Judith med seg ein lur som ho viste fram for elevane og spelte på. Dette var veldig spennande :) 

2016-04-28
IMG_9469

Fysak og Kråkeskogen onsdag 27.4

Onsdag denne veka hadde studentane eit undervisningsopplegg i matte. Elevane sto på rekke og skulle hoppe/hinke osv. svaret på eit reknestykke dei gav. Her var det mange engasjerte elever og "vanskelege" reknestykker. 

Seinare på dagen tok me turen bort i Kråkeskogen, her var det mykje fin leik både i skogen og ved vatnet. 

2016-04-28
Powered by CustomPublish AS