A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

20150914_135240

VEKE 38

På måndagen hadde me aktivitetsdagen vår, og lærling Nina Lid hadde ansvaret denne dagen. Eine gruppa var inne og hjalp til med å lage mat, noko som dei tykte var veldig kjekt. Dei tre andre gruppene hadde aktivitetsstasjonar ute som dei rullerte på. Aktivitetane var: rebusløp med 10 postar, stafettar på bana og gå tur i nærområdet å plukke haustting. Alle tre utegruppene rakk innom dei tre ulike aktivitetane ute før dei gjekk inn til mat. Der var det laga til kylligwrap. Kjempegod mat, og dei åt veldig godt.

På SFO har me ein regel ved matbordet om at me ikkje seie at me ikkje likar noko før me har smakt. Når me lagar til dømes varmmat lyt alle smake om dei likar det FØR dei ev. får tilbod om knekkebrød.

Onsdag var alle saman på bana. Me hadde mange ulike leikar som rokkering, ringspel osv...... men ikkje fotball denne gongen.

Ei flott og aktiv veke på SFO er over og me ynskjer alle ei flott helg.

2015-09-23

Månadsplan September

MÅNADSPLAN SEPTEMBER 2015 nett.docx PDF document ODT document

På månadsplanen blir det ei lita endring. Fiskeboller blir servert 29 sept i stadenfor 22 sept., og ostesmørbrød blir servert 21 sept i stadenfor 28 sept.

2015-09-18

SFO-brosjyre 2015/16

2015-09-16
20150908_102844

VEKE37

Ei flott SFO-veke er over, og her kjem ei lita oppsummering av kvardagen vår.

Måndag hadde me aktivitetsdag. Ungane var med å kutta opp grønnsaker til grønnsaksuppa me skulle ha tysdagen. Då tysdagens suppe vart servert vart me positivt overraska. ALLE ungane åt, og mange ungar åt veldig godt.

Me har leika mykje ute denne veka sidan me har hatt så flott ver. Det er stor og fin variasjon i leiken ute. Ungane er kreative og finn på mykje spennande av seg sjølv.

Fredag avslutta me med ei overrasking. Me har fått oss steiketakke på SFO, og den måtte sjølvsagt innviast. Røre blei laga i hemmelegheit før ungane kom på SFO, og spenninga ved matbordet var stor då dei fekk beskjed om at overraskinga vart ute etter mat. Me bar ut steiketakke, røre og alt anna me trengde og steike pannekaker ute til alle sammen. DET var kjekt det!!!

Me har no fylt ut eit brakortsjema, og belønninga for det kjem snart.

2015-09-23

AKTIVITETSDAGEN 14 SEPT

På måndag (14 sept) skal lærling Nina Lid ha aktivitetsdagen på SFO. Me ynskjer å få ha ungane på SFO fram til bortimot halv fire då dei skal delast inn i ulike aktivitetsgrupper. Ei av gruppene skal lage maten på SFO denne dagen, og det blir derfor servert mat litt seinare enn vanleg.

Mvh personalet på SFO

 

2015-09-10

Veke 36

Mandagen starta me opp med tomatsuppe med makaroni, og alle tykte det smakte godt. Etter mat gjekk me i gymsalen der ungane hadde frileik. Kjekt å sjå kor fint og kjekt alle saman hadde det der.

Resten av veka har blitt nytta til masse fin leik, mest ute. Me ynskjer å vere mest mogeleg ute så lenge det er vær til det.

Me har fokus på korleis me går til SFO,en og korleis me har det rundt matbordet. No byrjar ungane å bli kjempeflinke, så me får delt ut mange brakort. Det likar me vaksne godt. Tommel opp for alle SFO ungane.

 

2015-09-08

Referat frå SFO-møte 26.08.15

Her finn de referatet frå SFO-møtet 26. august 2015.

Referat, foreldremøte, SFO-26.08.15.pdf

2015-09-07

Gjeldande SFO-plan og SFO vedtekter for Luster kommune

SFO-plan for Luster kommune: SFO-plan Luster kommune 2015-19.pdf

SFO vedtekter for Luster kommune: Vedtekter SFO Luster_2015-19.pdf

2015-09-04

Justering av skuledagen for 1.-4. klasse onsdag og fredag.

Frå og med dette skuleåret er det gjort ei endring av lengda på skuledagen for 1.-4. klasse onsdag og fredag. Dette med bakgrunn i at leksehjelpa no er for 4.-7. klasse. Det er leksehjelp måndag og onsdag kl 13.40.

Onsdag er 1.-4. klasse på skulen til kl 13.25(ikkje kl 13.05 som før), fredag er dei på skulen til kl 13.05(ikkje kl 13.25 som før). Skulebussen går onsdag kl 13.40, og fredag kl 13.25 for 1.-4. klasse.

Dersom det er spørsmål til dette - kontakt underteikna.

Kjell

 

2015-09-01

VEKE 35

Vår andre veke på SFO har og gått med til å gjere 1.klassingane meir kjendt. Det ser ut som at dei no er ganske trygge på å vere hjå oss, og det likar me godt å sjå. Me har vore mykje ute, men også inne. Kjekt med teikne og spelegrupper som aktivitet.

Alle ungane på SFO har no fått sin faste plass ved matbordet, men me kan byte på enkeltelevar undervegs. Spennande for dei yngste å bli meir "blanda" saman med dei eldre ungane. 

Me har også denne veka servert "berre" brødmat, men vil fra veke 26 byrje med varmmat. Allereie på måndag vert det servert tomatsuppe.

PALS: me har fortsatt fokus på korleis me oppfører oss i overgangen frå skule til SFO, og ved matbordet.

 

2015-08-30
Powered by CustomPublish AS