A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

PÅSKEFERIE.

I påskeferien var det ope måndag og tysdag.

Desse dagane vart brukt til masse frileik,både inne på SFO og ute på skuleplassen.

 Litt påskeaktivitetar vart det tid til, og tur opp Gåpnaberget med retur Lauvdalen og ned langs Engedalselvi.

 

2014-04-22

VEKE 14.

Endå ei veke med mykje fint ver og mykje uteleik. Husking, leik i sandkasse, hoppestokkar og fotballsparking er noko av det som me driv med når me er ute.

Me har byrja å laga litt påskepynt, dette for dei som har lyst. Masse flotte påskekort og påskepynt er blitt hengt opp på sfo.

Onsdag hadde me graut til varmmat, masse fine tilbakemeldingar frå ungane om at dette var skikkeleg god graut! :-)

Fredag var det elevfri dag, så då var det sfo heile dagen. Berit og Gunn Bente var på jobb denne dagen ilag med 6 ungar. Det var inneleik, påskepyntlaging og gåtur til leikeplassen i Rørslebakken.

2014-04-08

VEKE 13

Denne veka har me hatt supert ver, så me har vore mykje ute. Hoppestokkane har vore flittigt brukt, mange nye hopperekordar og mange varme ungar.

Me har gjett lov til å kaste jakka, men hua har måtta vore på.

Onsdag hadde me pizzasnurrar til varmmat, då kosa me oss:-)

 

 

 

2014-04-01

VEKE 12.

Tysdag var me ute å leika i snøen. Onsdag hadde me betasuppe til varmmat. Torsdag og fredag var me inne, då det var mange med blaute klede, lurt å ta ein sjekk i garderoben etter slike dagar. Me har prøvd å sende heim blaute klede etterkvart. Fredag fekk ungane velje om dei ville vere i aulaen å sjå film eller leike på SFO.

2014-03-24

VEKE 11

Onsdag, torsdag og fredag hadde me besøk av 5 elevar frå ungdomskulen. Onsdag etter mat hadde dei eit opplegg med alle ungane på SFO. Delte inn i to grupper og hadde ulike leikar på fotballbana.

Onsdag hadde me fiskepinnar, raspa gulrot og heimelaga potetstappe til varmmat.

Torsdag fekk ungane velje om å vere ute å leike eller inne.

Fredag var det knekkebrød etterfulgt av røris og dans i aulaen.

God helg:-)

 

 

2014-03-14

FRUKOST.

Me ynskjer at dei som kjem seinare enn 0815 på morgon SFO har ete frukost heime.

2014-03-11

VEKE 10.

Då var endå ei sfo-veke endt.

Onsdag hadde me spagetti og kjøttsaus til varmmat, mange med tomatsaus rundt munnen denne ettermiddagen :-)

Etter mat gjekk alle ut, leik både på oppsida og nedsida av skulen. Mykje fotballsparking og leik i sandkassen.

Har kjøpt nye hoppestokkar og desse var veldig populære, så her må me vere flinke å vente på tur og å dele.

Fredag var ein blaut dag, så då valgte me å vera inne. Etter frukt var det røris i aulaen. Frileik på slutten.

God helg.

 

2014-03-07

BILETE

Då er det kome nye bilete i den digitale ramma vår. Litt frå den vanlege SFO, litt frå vinterferien og litt frå foreldrekaffien me hadde:-)

2014-03-04

VEKE 9

SFO på måndag merka me godt på ungane at det hadde vore vinterferie, mange som var "høgt oppe" og det var masse lyd.

Onsdag hadde me kjøttbollar i fløytesaus og heimelaga potestappe, kjempegodt:)

Torsdag invitert me til foreldrekaffi med fastelavensbollar og sjokoladekake. Kjempeflott at so mange hadde tid til ein stopp i ein ellers så travel kvardag. Ungane prata mykje om at foreldra skulle komme på kaffi på SFO.

Fredag var det att litt restar etter foreldrekaffien, så då kosa me oss me fastelavensbollar og sjokoladekake etter  knekkebrød.

Etter mat gjekk me i aulaen og hadde oss ei rørisøkt etterfulgt av disco.

God helg:-)

2014-02-28

LEKSER PÅ SFO.

Me har nokre ungar som ynskjer å gjere lekser på SFO, noko me har sagt nei til.

Dette på grunn av at personalet på SFO ikkje har moglegheit til å hjelpe til, eller passe på om lekser vert gjort ordentleg. Me har og sett at eldre ungar hjelper til litt for mykje med leksene til dei yngre.

Måndag og tysdag har 1-4 klasse tilbod om gratis leksehjelp frå 14.10-15.00. Dei som går på SFO og ynskjer leksehjelp får fråtrekk for dette på SFO-betalinga. 

2014-02-25
Powered by CustomPublish AS