6. kl

God jul!
Med eit koslege bilete av ein flott gjeng vil me ynskje elevar, føresette og tilsette GOD JUL!

Ei tradisjonell førsjulstid
Tradisjonar er viktig i førjulstida, og slik er det også ved Indre Hafslo oppvekstsenter.

Velkommen til julefest
Måndag den 19.desember kl. 18.00 inviterer me til julefest på skulen.

Juletradisjonar
Tradisjon tru så vart det juleverkstad i år også. Det er kjekt å ha ein heil dag der ein får laga mange fine ting. Kjekt er det også at mange foreldre og besteforeldre har lyst til å vera med oss når me har juleverkstad.

Adventssamling kvar måndag
Kvar måndag i adventstida samlar me alle elevane på skulen og alle ungane i barnehagen til adventssamling i gymsalen. Dette er ein fin førjulstradisjon for både små og store.

Sosialkveld
På torsdag var det sosialkveld på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det heile stara med middag i ungdomshuset. Etterpå vart elevane delte i grupper. Ei av gruppene laga fruktspyd som alle kunne kosa seg med til slutt. Vil de sjå bilete i frå sosialkvelden så kan de sjå under bileta til 1.klasse.
Norsklekse veke 44
http://ordforalt5-7-nynorsk.cappelendamm.no/c170235/sammendrag/vis.html?strukt_tid=170235
Jobb med substantiv.
Haustferie - gjettekonkurranse!
I anledning haustferien hadde me ein liten konkurranse mellom klassane i dag - kven klarte å gjette nærast på vekta på eplet frå Solvorn? Elevane meinte at dette ikkje kunne vere eit ekte eple, men dei var ivrige, vog i hendene og tippa, og vektanslaga låg på alt frå nokre få gram til over kiloen. Kor mykje trur de heime dette kjempe-eplet veg? Det er sett eit kinder-egg i framgrunnen for å vise størrelsen. Ha ein god haustferie!
Roald Dahl-prosjekt
I anledning Roald Dahl sitt 100-årsjubileum i år, har 5.-7.klasse jobba med forfattaren i engelsk i haust. Dei les boka Esio Trot, og jobba i grupper med eit prosjektarbeid. Fredag var det framføring - på engelsk sjølvsagt! Og dette klarte samtlege elevar på ein framifrå måte!