5. kl
![IMG_3106[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3743720.1686.wpbswuavby/195x0/0_3743720.jpg)
Kulturell skulesekk
På tysdag hadde 5.,.6 og 7.klasse besøk av den kulturelle skulesekken. Tema for økta var animasjonsfilm. Elevane fekk sjølve lov til å lage si eiga historie og ta bilete av denne slik at det vart ein fin, liten film. Dei fekk også lære korleis ein legg på ulike lydar. Ei utruleg kjekk og lærerik stund for alle. Vil du sjå fleier bilete frå denne økta så kan du sjå under bileta til 6.klasse.

Musikk i 5.,6. og 7.klasse
På fredag var det duka for klokkesamspel i 5.,6.og 7.klasse. Me har ikkje lydfil, men bilete seier vel det meste. Vil du sjå fleire bilete frå musikktimen så må du sjå under bileta til 5.klasse.
Norsklekse torsdag 19.januar
Her er lenka til nettsida de skal jobbe med. Hugs å sjekke at sida er på nynorsk ellers må de endre det oppe i høgre hjørne av nettsida.
NB! Hugs at de og har lekser i Arbeidshefte 10, om de ikkje vart ferdige i timane i dag.
http://ordforalt5-7-nynorsk.cappelendamm.no/c135268/sammendrag/vis.html?strukt_tid=135268

God jul!
Med eit koslege bilete av ein flott gjeng vil me ynskje elevar, føresette og tilsette GOD JUL!

Ei tradisjonell førsjulstid
Tradisjonar er viktig i førjulstida, og slik er det også ved Indre Hafslo oppvekstsenter.

Velkommen til julefest
Måndag den 19.desember kl. 18.00 inviterer me til julefest på skulen.

Juletradisjonar
Tradisjon tru så vart det juleverkstad i år også. Det er kjekt å ha ein heil dag der ein får laga mange fine ting. Kjekt er det også at mange foreldre og besteforeldre har lyst til å vera med oss når me har juleverkstad.

Adventssamling kvar måndag
Kvar måndag i adventstida samlar me alle elevane på skulen og alle ungane i barnehagen til adventssamling i gymsalen. Dette er ein fin førjulstradisjon for både små og store.

Sosialkveld
På torsdag var det sosialkveld på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det heile stara med middag i ungdomshuset. Etterpå vart elevane delte i grupper. Ei av gruppene laga fruktspyd som alle kunne kosa seg med til slutt. Vil de sjå bilete i frå sosialkvelden så kan de sjå under bileta til 1.klasse.