9. kl

Me sløyer fisk
Tysdag kom Marte med fisk på skulen. Me sløya fisken, såg på hjerte, magesekken og auge. Me såg at fisken hadde tenner på tunga og at den hadde ete stein. Heldigvis fann me ingen plastikk. Det var spennande både for store og små. På slutten av dagen leika me på isen. Der fann me eit drage-egg :)

Kulturøkt
Tysdag 7. februar hadde andre klasse kulturøkt. Me sang, las dikt og dansa for 1. klasse og dei eldste barna i barnehagen. Etterpå leika me saman med sol-ungane på sfo og i klasserommet vårt. Det er alltid stas å vise fram alt me kan :)
Skuleveka
1. - 4. klasse
Måndag 8.30 - 13.20
Tysdag 8.30 - 13.20
Onsdag 8.30 - 13.20
Torsdag 8.30 - 13.20
Fredag 8.30 - 13.05
5. - 7. - klasse
Måndag 8.30 - 13.20
Tysdag 8.30 - 14.25
Onsdag 8.30 - 13.20 (6.kl. 14.25)
Torsdag 8.30 - 14.25
Fredag 8.30 - 14.25
8. - 10. klasse
Kvar dag 8.30 - 14.25
korleis logge seg inn på kunnskap.no
Her finn du og informasjon om korleis du kjem deg inn på oppgåvene.

Tur
Denne veka gjekk me frå skulen opp Øygardsbakkane over Sandgota og åt maten vår på leikeplassen i byggefeltet. Det var ein kjempe kjekk tur i sola

Naturbilde i K/H
Tysdag 4. oktober laga me naturbilde i K/H. Her var det mykje kreativitet og flotte bilder.

BlimE-dans
1. og 2. klasse har denne veka øvd på årets blimE-dans.
Dersom nokon vil øve heime finn du dansen her