7. kl
Eigendesigna forkle
Det er høgt aktivitetsnivå i kunst og håndverk for tida. Av gamle jeans redesignar elevane i 5.-7.klasse sine eigne forkle. Kreativiteten og iveren er stor, så det blir spennande å sjå resultatet!
Lenke til Quizlet med vekeord
2017-05-07God påske
Me har hatt travle veker no før påske. Bygdakafê, kantine og olweusdag er berre litt av det me har jobba med desse vekene. I tilegg har det vore kulturell skulesekk, prosjekt i historie og norsk, prosjekt i musikk og koding på ungdomsskulen for 5,, 6. og 7.klasse. Vil de sjå litt av det me har jobba med desse vekene så kan de sjå photostoryen som me har laga. Den finn de dersom de trykkjer på les meir.

Velkommen til bygdakafè
Tysdag den 28.mars kl.11.00- 13.00 blir det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Det blir sal av kaffi, kaker og saft.
Underhaldning.
Velkommne til ei hyggeleg stund på Indre Hafslo oppvekstsenter!

Kvernkall
Elevane i 5.,6. og 7.klasse har jobba jamt og trutt over fleire tysdagar, og denne veka var nesten alle kvernkallane klare til bruk. Mange har også vore ned i grovi og prøvd ut kvernkallen sin, og dei kan stadfesta at den virkar. Vil de sjå bilete av kvernkallane så kan de sjå under bileta til 6.klassse.

Ski i skule
Ja i dag hadde me hatt meir bruk for vannski og våtdrakt enn ski og boblebukse,

Ski på skulen
Det var kjekt att me fekk litt snø slik at me kunne få å ha ski med oss på skulen. På onsdag var det full aktivitet både på bana, i bakkane og på uteskulen. Elevane har vore delt i grupper, og dei har laga gode aktivitetar som alle skal delta på. Denne gongen var det stiv heks, skiskyting, hopp, gå fiskebein og skøyting. Til slutt hadde me stafett der me delte klassen i to lag, og alle skulle gå to etappar kvar. Vil du sjå bilete så må du sjå under bileta til 5.klasse.
![kaffikopp[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3192309.1686.qbfarxttcx/195x0/0_3192309.jpg)
Velkommen til bygdakafè
Tysdag den 14.februar kl. 11.00 til 13.00 er det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter!
![IMG_3106[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3743720.1686.wpbswuavby/195x0/0_3743720.jpg)
Kulturell skulesekk
På tysdag hadde 5.,.6 og 7.klasse besøk av den kulturelle skulesekken. Tema for økta var animasjonsfilm. Elevane fekk sjølve lov til å lage si eiga historie og ta bilete av denne slik at det vart ein fin, liten film. Dei fekk også lære korleis ein legg på ulike lydar. Ei utruleg kjekk og lærerik stund for alle. Vil du sjå fleier bilete frå denne økta så kan du sjå under bileta til 6.klasse.