7. kl
Kokkekamp - vel blåst!
Onsdag 18.april var det duka for kokkekamp blant elevane i 5.-7.klasse. Dei hadde på førehand planlagt eit måltid med hovudrett og dessert til 4 personar og laga handleliste innanfor budsjettet på 150 kroner. På to timar skulle dei lage og førebu måltidet, og servere maten til eit dommarpanel. Elevane hadde ein iherdig innsats, jobba og samarbeida godt i to timar og maten som vart servert var variert; kjøttkaker i brun saus, kylling med spicy ris, biffstrimler med bakt potet, kjøttdeig og pasta steikt i form, heimelage fiskepinnar og pasta-og laksesalat med pesto og ruccula. Dessertane var alt frå frisk fruktsalat, til mektige sjokoladefondantar og sjokolademousse. Flott innsats av kjempeflinke og ivrige elevar!!
Velkommen til bygdakafè
Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo oppvekstsenter.
God påske
Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!
Markering av verdens Downs syndrom dag
Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar.
Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.
OL dag
I dag har me hatt ein flott OL dag på Indre Hafslo oppvekstsenter. OL elden vart tent presis kl. 10.00 og sjølvsagt måtte me danse OL-floka.
Etterpå var me delt i grupper der me hadde aking, hopp, portkøyring, flaskerenn og skiskyting. Kl. 11.30 samla me oss på uteskulen der det var matpause og grilling.
Etter mat var det nye aktivitetar på alle, og kl. 14.00 samla me oss til offisiell premieutdeling.
God vinterferie
Med dette bilete frå skidagen vår på Heggmyrane vil me ynskje alle ein fin vinterferie.
Takk til Sogn skisenter som kvart år tek i mot oss til den årlege skidagen. Det set me stor pris på.
Vil de sjå fleire bilete frå skidage så sjå under bileta til 1.klasse.
God vinterferie!
Med bilete av dei siste prosjekta i kunst og handverk, vil me få ynskje foreldre og elevar i 5.-7.klasse ein god vinterferie!
Lesevake 2018
Tysdag 23.januar var det klart for lesevake for elevane i 5.-7.klasse. Dei møtte på skulen til klokka seks, tungt lasta med soveposar, dyner, madrasser, pysjar og tannkostar. Etter ei matøkt med god (og STERK!) taco, var det klart for bokpresentasjonar - 15 flotte presentasjonar vart vist fram, nokre av dei så skumle at me lurt på om me kom til å å sove om natta. Men det gjekk flott, onsdagsmorgonen vakna ein blid og fornøgd gjeng til opprydding og frukost, før dei reiste heim til ei velfortent avspasering.
Velkommen til bygdakafè
Fredag den 2.februar kl. 11.00 til 13.00 er alle velkomne til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Det blir sal av kaffi, kaker og saft.
Barnehagen og 1.-4.klasse vil underhalde.
Så ta med familie, venner eller naboen til ei koseleg stund på oppvekstsenteret.
Helsing 5,.6. og 7.klasse.
God jul
Då vil me på Indre Hafslo oppvekstsenter få ynskja alle ei god jul og eit godt nytt år!