3. kl
Arbeidsplan veke 12
Her kjem arbeidsplanen for komande veke. Hugs at dette er arbeid for HEILE veka, så sjølv om det ser ut som veldig mykje jobb, er det fordelt over fire dagar. Det er og delt inn i SKAL, KAN og BØR - oppgåver.
Batterijakten
Batterijakten er ein nasjonal kampanje frå 9.- 29.mars, som går ut på å samle inn brukte batteri og sørge for at dei vert gjenvunne i staden for at dei havnar i søpla, eller enda verre – i naturen. De kan lese meir om kampanjen her:
https://www.batterijakten.no/om-batterijakten/.
Så da er det berre å setje i gang å samle brukte batteri!
Glosetest veke 10
Her er lenka til Quizlet-glosene, der elevane kan øve på glosene dei vil få ein liten test på i veke 10.
https://quizlet.com/488676412/repetisjon-gloser-glosetest-veke-10-flash-cards/?new
Innlogging Relemo
Her er lenka til Relemo, som er leselekse no framover.
Hugs å velje Feideinnlogging, og sjekk at sida er sett til nynorske tekstar før eleven les.
Buddhismen - arbeid onsdag 27.november
2019-11-26Øve engelske gloser
Quizlet er ikkje tilgjengeleg som øvingsplattform for augneblinken. Elevane må difor øve på glosene sine muntleg og skriftleg, gjennom t.d LDS(S) - metoden. Øv gjerne litt kvar dag. Vonleg vert Quizlet tilgjengeleg att snart.
Velkommen til nytt barnehage- og skuleår
Måndag 19.august kl.9.00 ynskjer me velkommen til nytt skuleår. SFO har vanleg oppstart kl.07.30. Barnehagen har alt starta opp så dei er godt i gang med eit nytt barnehageår. Så velkommen til nye og gamle born/elevar, føresette og tilsette både i barehagen og på skulen.
God sommar
Med bilete av denne flotte gjengen vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ein god sommar.