7. kl
Velkommen til juletrefest
Tysdag 18.desember kl.18.00 - 20.00 inviterar me til juletrefest på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Me skal vise julespelet "Nisse på ville vegar". Etterpå blir det servering av kaffi og kaker. Det blir også gang rundt juletreet og kanskje kjem nissen.
Inngangspengar.
Så velkommen til ei koseleg førsjulsstund på Indre Hafslo.
Bygdakafè
I dag har me nok ein gong vore samla til koseleg bygdakafè på Indre Hafslo. På kafèen kunne ein kjøpa seg både lappar med rømme og syltetøy, ulike typar kaker, kaffi og saft. Underhaldninga denne dagen var det barnehagen og 1.-4.klasse som stod for. 4.klasse las dikt om hausten, og elevane i 1.-4.klasse song "kaldt ute og varmt inne". Dei sjarmerande nisseungane i barnehagen song to nisse songar, og dei hausta mykje applaus. Det er kjekt å sjå at so mange møter opp på kafèen vår.
Velkommen til bygdakafè
Fredag 30.oktober kl.11.00-13.00 inviterar med til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen og 1.-4.klasse vil står for underhaldninga. Så velkommen til ei hyggeleg stund på Indre Hafslo. Helsing 5.,6. og 7.klasse
Bygdakafè
Mykje folk var fredag samla til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Her kunne ein kjøpa seg kaffi, kaker og sveler laga av 5.,6. og 7.klasse , og så kunne ein slå av ein prat med kjende og ukjende. 1.-4. klasse stod for underhaldninga denne dagen, og dei underheldt med både dans og song. Det er so kjekt at me må bera inn fleire stolar og bord på kafèdagen, for det viser at folk veit å setje pris på bygdakafèen. Så takk til alle som deltok på kafèen på fredag!
Velkommen til bygdakafè
Fredag 5.oktober kl.11.00 - 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. 1.-4.klasse vil ha underhaldning ca kl.12.00. Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo. Helsing 5.,6. og 7.klasse.
Velkommen til foreldremøte
Tysdag 18.september inviterer me alle førsette til foreldremøte på oppvekstsenteret. Foreldremøte for dei som har born i barnehagen startar kl.17.30. For dei som har elevar i 1. og 2.klasse blir det klasseforeldremøte kl. 18.00. Det blir felles møte for alle frå kl. 18.30 til 19.30. 3 og 4.klasse, 5.,6. og 7.klasse vil ha klasseforeldremøte frå kl. 19.30.
Fjelltur
Tysdag den 4.september blir det fjelltur for alle elevane på skulen og borna på skuleklubben. Turen går til Navarsete, Heggdalen og Heggdalsvatnet. (Engjadalen) Me avpassar turen etter borna, så dei minste går nok berre til Navarsete eller Heggdalen. Me reiser frå skulen klokka 9.00 og er tilbake til skuleslutt.
God sommar
"Når jordbæra mognast oppe i ur, og hamna gjev mat til blakken.
Når apalen lyser kvit som ei brur og solauga stikk i nakken,
då bukkar vi fint for læraren vår og seier farvel og takk for i år.
Og lukklege me på heimvegen går, no får me ein pust i bakken"
Me desse linjene frå den gamle sommarsongen, og bilete frå den fine turen vår frå Oklevik til Årøy i går, vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ein god sommar.