3. kl
Leksehjelp måndag 9.september
Måndag den 9.september er skulen vår gjort om til vallokale, og av den grunn så blir det ikkje tilbod om lesksehjelp.
2013-09-05

Tur til Sønnesynstølen
Måndag den 9.september blir det tur til Sønnesynstølen. Elevane må vera kledde etter veret. Dei må ha med seg mat og drikke. Det blir også høve til å ha med seg ein tursjokolade. Dersom foreldre og/eller besteforeldre har lyst til å vera med så er det kjempekjekt:)
2013-09-05

Velkommen til eit nytt barnehage- og skuleår
No er tida inne for å starte opp att med barnehage og skule. i løpet av ei veke er alle godt i gang igjen.
2013-08-12

Troll-kle til sommaravslutninga!
Elevane skal framføre noko av programmet frå Troll-festen på sommaravslutninga. Dei må difor finne fram att troll-kleda dei hadde, og ta dette med så fort som mogeleg, og seinast til fredag 14.juni.
2013-06-09

Fadderkos og mat på bål
I dag har 6.klasse hatt fadderdag saman med 1. og 2.klasse. Me har laga mat på bål, me har pussa mat-plater og me har skote med luftgever. Me avlutta det heile med ei koseleg matstund utanfor skulen. Alle hadde laga si eiga "skattekiste" med laks,kylling og grønnsaker. Til dessert var det steikt banan med sjokolade.
2013-06-05
Onsdag 22.mai hadde me foreldremøte
Oppvekstsenteret inviterte alle foreldre/føresette til møte om framsnakking
2013-05-29