A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

10. kl

20150121_110306

Aking på Beimslinja

Onsdag 21.januar gjekk turen til Beimslinja for å ake. Me var skikkeleg heldige med veret, og fekk sol utpå dagen. Me kosa oss masse med varm drikke, god lunsj og mykje kjekk aktivitet i snøen. Ungane var veldig flinke til å aktivisere seg i snøen. Underlaget var litt hardt, so det gjekk skikkeleg unna i bakken. Litt mindre knall og fall vart det, men det er vel ikkje til å unngå når ein driv med aking. Alt i alt har me hatt ein super dag i snøen! :)

 

Sjå fleire bilete inni artikkelen. 

2015-01-21
20150120_120647

Teikna snøkrystallar

Temaet i kunst og handverk i januar månad er snøkrystallar. Tidlegare har me klypt ut snøkrystallar i papp, og i dag har me teikna nokre sjølv. Me snakka litt om at alle snøkrystallar er ulike, men veldig fine på kvar sin måte. Ungane tykte det var kjekt å få teikne sine eigne snøkrystallar, og var veldig krye av produkta sine :)

 

Sjå fleire bilete inni artikkelen. 

2015-01-20
ATT00002

Brette, klippe og fargelegge

I dag har me øvd på finmotorisk aktivitetar som brette, klippe og fargelegge. Det vart fine produkt :)

2015-01-16
20150114_111508

Tur til Kråkeskogen

Onsdag 14.januar reiste me på tur til Kråkskogen i Tang. Me hadde ein fin dag i snøen, der elevane fann på mykje kjekt i lag. Kjekt å sjå kor kreative ungane vert når det kjem til snøleik:)

 

Sjå fleire bilete inni artikkelen. 

2015-01-14
20150113_122933

Snøkrystallar

Tysdag 13.januar har 1.klasse klypt ut snøkrystallar i papp og pynta klasserommet sitt. No har me so mykje fin snø ute, at me fann ut at denne fine vinterstemninga ville me ta med oss inn i klasserommet. Sjølv om klyppeopgåva var vanskeleg, var ungane kjempeflinke til å vere nøyaktige, noko som resulterte i at det ferdige arbeidet vart veldig fint! Flinke ungar :)

 

Sjå fleire bilete inni artikkelen.

2015-01-13
20150109_114949 (1)

Song jula ut på omsorgssenteret

Fredag 9.januar reiste 1.klasse opp på omsorgssenteret for å synge jula ut. Elevane var kjempeflinke og song mange av dei kjente og kjære julesongane for dei eldre. Dei fleste av songane song me som eit oppstilt kor, medan me song "eg gjekk meg over sjø og land" og "å jul med din glede" då me gjekk rundt juletreet. Ei kjekk markering for at me no legg jula bak oss og tek til på det nye året. 

2015-01-12
Collage 2014-11-18 16_27_22

Matematikk er moro!:)

I 1.klasse har me det moro når me lærer matematikk. Her kan de sjå nokon av arbeidsmetodane me brukar i mattetimane no for tida.

2014-11-18

1. klasse 2014/15

2014-08-20
Powered by CustomPublish AS