3. kl
Adventskalender
Minner om at elevane innan fredag 29.november må ha teke med seg ei juleinnpakka fyrstikkøskje. Innhaldet skal vere 20 kr, ein snøkrystall og ein lapp med tittel på ein julesang .
.
Helsesøster kjem mandag 25.11
Mandag 25.11 kjem helsesøster til skulen. Ho ynskjer å måle vekt og høgd på 3.klasse, noko som vert gjort årleg. Denne informasjonen har falle ut frå vekeplanen. Om nokon har spørsmål vedrørande dette, kan dei ta direkte kontakt med helsesøster Berit Skjerdal.
Adventstida er i gang
Elevane har laga snøkrystallar til pynt i klasserommet - så no kan adventstida berre komme!!
Me vart med
Oppvekstsenteret har i dag dansa "Bli med" - dansen saman med over 135 000 ungar

Betasuppe og flatbrød
I dag har me laga flatbrød og betasuppe på uteskulen. Alle måtte hjelpa til både med å skjere opp grønnsaker og bake ut flatbrødet.Og så måtte alle vente på at suppen skulle koke og flatbrødet skulle steikast. Å det tok litt tid.....men du og du kor godt det smaka. Og i uteskuleboka står oppskrift på både flatbrød og betasuppe viss nokon skulle få lyst til å laga det heime. Vil du sjå bilete så gå inn på 1.klasse si side der finn du dei under fana bilete.

Vennskapsveka vart avslutta med fletting av band
Etter ei flott veke der me sette eit ekstra fokus på vennskap, avslutta me det heile med å flette vennskapsband til kvarandre.

Foreldremøte 10.september
Det vert arrangert foreldremøte for heile oppvekstsenteret tysdag 10.september
