A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

10. kl

20150324_125539

Enno fleire påskeaktivitetar

I dag har me laga påskeharar i 1.klasse, samt fargelagt påskekyllingar. Ungane jobbar godt i kunst og handverktimane og syner godt engasjement i faget:) Det er kjekt å sjå kor ivrige og flinke dei er vorte!

Sjå fleire bilete frå timane inni artikkelen. 

2015-03-24
20150323_103605[1]

På besøk til 5.klasse

I dag har 1.klasse vore på besøk til 5.klasse der me høyrde på at 5.klassingane framførte sjølvlaga faktatekstar til oss. Me lærte om både hurtigruta, vikingar, indianarar og Noreg. Det var ei kjekk oppleving, og me vart imponert over kor flinke 5.klassingar me har på skulen:)

Sjå bilete inni artikkelen. 

2015-03-23
alseth-bjornar-multi-1b-2-utgave

Nettoppgåver i matematikk

No har me jobba med pluss og minus i matematikktimane i mange veker. Me har mellom anna jobba med nettoppgåvene til kapittelet i multi på mattestasjonen måndagar og fredagar. Elevane har hatt stor framgang, og syner god forståing for skilnaden mellom dei to rekneartane. Dersom nokon elevar ynskjer å øve meir heime, kan de finne linken til sida ved å trykkje på denne artikkelen. :)

2015-03-23
20150317_123315

Påskeaktivitetar i kunst og handverk

I dag har me laga søte påskekyllingar av pappkrus og laga fine påskeegg i papp, so no er klasserommet vårt pynta fint til påske!:)

Sjå fleire bilete inni artikkelen.

2015-03-17
IMG_4204

Akedag i Øygardsbakkane 1.-3.klasse

I dag har 1.-3.klasse hatt akedag i Øygardsbakkane. Me hadde med oss matpakkane våre, rompebrett og koste oss ute i det herlege vårveret. Ein kjekk dag for liten og stor.

2015-03-16
20150310_095316

Kva veit me om våren?

I dag har me jobba med temaet våren i 1.klasse. Me laga oss eit omgrepshus (tankekart) om kva me kan om våren. Innspel som ikkje var direkte relatert til sjølve omgrepet våren plasserte me i garasjen til venstre for huset. På denne måten vert alle elevane sine innspel viktige og synlege. Elevane kunne veldig mykje om våren, og kunne fortelje mykje spanande til kvarandre om denne årstida. Me snakka om korleis eit eple vert til, og gjekk gjennom heile prosessen frå knupp, via blomstring og bestøving til knyting og til slutt hausting. Ein spanande og rar prosess. Det var ikkje so lett å forstå at ein blomst på epletreet kan ende opp som eple når hausten kjem. 

2015-03-10
20150225_121734

Tur til Kråkeskogen

Onsdag gjekk turen til Kråkeskogen i Tang att. Denne gongen var det mykje mindre snø enn sist gong me var det, noko som gjorde at elevane fann på heilt andre leikar og aktivitetar enn det som har vore mogeleg gjennom vinteren. Det var flott aktivitet med pinnar, kongler, hyttebygging og ikkje minst rolleleik. Ein kjekk dag saman i vårlege omgjevnadar. 

2015-02-28
20150224_095926

Kva er eit land?

I samlinga i dag snakka me litt om kva eit land er, og kva for land me i 1.klasse kjenner til. Me endte til slutt opp med ei liste på 13 land, noko me er godt nøgde med sjølve. Me vart sjølvsagt veldig nysgjerrige på kor mange land som finst i verda, og fann til slutt ut, etter littt søking på nettet, at me har 193 land i verda. Me konkluderte med at det å kunna 13 av desse landa allereie i 1.klasse var eit veldig godt utgangspunkt:) 

 

 

2015-02-24
20150127_124608

Dokketeaterframsyning

I dag har 1.klasse vore so heldige at me har fått reise på besøk til 4A for å sjå på dokketeater. 4A synte oss eit sjølvlaga skodespel om dei tre punkarane som skulle på Molden for å sjå på utsikta. I tillegg til dokketeateret fekk me høyre ei flott framsyning av songen "kvifor". 1.klassingane storkosa seg, og var veldig imponerte over dei flinke 4.klassingane :)

 

Sjå fleire bilete inni artikkelen. 

2015-01-27
20150122_094436

Sansemotorisk løype

Heile dette skuleåret har me gjennomført sansemotoriske løyper i ulike variantar i kroppsøvingstimane på torsdagar. Denne løypa er samansett av ulike former for fysiske utfordringar for elevane. I den løypa som me køyrer akkurat no har me 7 ulike stasjonar.

 

Sjå bilete og meir informasjon inni artikkelen.

 

 

 

2015-01-22
Powered by CustomPublish AS