4. kl
Bok i Bruk 2.juni
På mandag 2.juni er det Lars Arne som skal presentere si bok. Elisabeth og Malene skal gje respons.
Sykkelteori og praktisk sykkelprøve
Minner om at 4.klasse torsdag 5.juni skal ha både praktisk og teoretisk sykkelprøve. Politiet kjem òg denne dagen for å sjekke og godkjenne sykkel og hjelm!
Ny strikkeøkt!
Tysdag 3.juni tek me i 3.og 4.klasse fram strikket att. Hjelpa me har fått frå foreldre og besteforeldre ved tidlegare strikkeøkter har vore uvurderlege, og på tysdag er dei som ynskjer å komme og bidra hjarteleg velkomne! Me startar ca klokka 09.00 og held på til 10.30.

Mannekengoppvisning
I dag har me delteke på flott mannekengoppvisning på skulen. 5.,6. og 7.klasse hadde profesjonell mannekengframsyning av dei sjølvsydde forklèa sine. Til heftige tonar og vrikk på rompa fekk dei synt flott norsk handtverk. Til glede for alle oss andre som fekk sjå på. Vil du sjå bilet så finn du dei under bileta til 7.klasse.
Sykkelprøve og sykkelteori
Elevane i 4.klasse skal gjennom ein sykkelprøve i starten av juni. Før den tid skal dei ha litt sykkelteori. Så snart sykkelhefta er på plass her på skulen, vil me starte med dette og det kan da bli litt lekse i desse hefta òg.
Vekevenner veke 20
Erik-Are, Andrè-Lars Arne-Even, Ådne-Marius, Grunde-Håvard, Elisabeth-Lea-Thea, Malene - Gina
Vekevenner veke 19
Erik-Lars Arne, Andrè-Håvard, Are-Marius-Grunde, Ådne-Even, Thea-Elisabeth-Malene, Lea-Gina
ASK-prosjektet
Vonar alle føresette i 4.klasse har lese e-posten frå Knut. Det dreier seg om eit prosjekt Geir Kåre Resaland har starta, og som 4.klasse skal vere ein del av.Me får meir informasjon imorgon mandag, men det er flott om de har lese e-posten før den tid.