3. kl
Kjekk utedag med skattekiste og fantasifigurar
I dag har 33 ungar frå oppvekstsenteret hatt ein flott dag på uteskulen. Me starta det heile med å lage skattekister med kylling, laks og grønnsaker som me skulle grilla på bålet.

Velkommen til bygdakafè
Fredag den 28.februar kl. 11.00-13.00 inviterar me til bygdakafè.
Kursdag for fleire av dei tilsette
Fredag den 17.januar var kontaktlærarane og rektor på nettverk for fådelte skular/oppvekstsenter. Luster kommune var arrangør og me hadde deltakarar frå Flåm skule, Feios skule, Fresvik skule, Nesse oppvekstsenter, Sagatun oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter, Solvorn oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter og Skjolden oppvekstsenter.
Søknadsfrist barnehage- og SFO-plass 2014/15
Søknadsfrist for endring av barnehageplass eller ny barnehageplass er 1.februar 2014. Søknadsfrist for SFO-plass eller endring av SFO-plass er 15. februar 2014.
Leselekse veke 2
Pga sjukdom har ikkje elevane fått påskrive individuell leselekse slik tanken var denne veka - dei gjer difor fylgjande:
Dei som ikkje er ferdig med Vaffelhjarte, les denne.
Dei som er ferdig, les biblioteksboka si.
Alle skal lese i 15 min, og gjenfortelje innholdet av det dei las.

Luciadag med nisse-marsj
Fredag var ein aktiv dag for både små og store. Me starta dagen med samlingsstund. Det var barnehagen som haddde ansvaret for denne og me fekk høyra mange flotte songar.

Ute kle
Vinteren er no over oss, og alle elevane må ha med seg kle til å vera ute i. Me er ute kvar dag og det er derfor heilt nødvendig at elevane har gode, varme kle med seg. Litt bytekle kan det også vera lurt å ha.(ekstra sokkar, vottar, bukse)

Skulefrukt til nytte og glede
Kvar dag kl. 10.30 står eit stort fat med fristande, oppdelt frukt klar i garderoben på Indre Hafslo oppvekstsenter.Elevane kan velje mellom mange ulike frukter, og dette set dei stor pris på. Elevane er ofte svoltne i tredje time, men etter at me fekk skulefrukt har me sett at det er lettare å halde konsentrasjonen opp.

Kjekt med snø
Det var fint på måndag då snøen lava ned over Indre Hafslo. Me brukt friminuttane til å lage snømann og den vart kjempehøg.