10. kl
TURDAG 2.september
Onsdag var sola på plass, sekken var full av god mat og drikke. 1. og 2. klasse gjekk på felles tur til leikeplassen på Beimsfelstet. Me hadde ein flott tur opp via Kreken og Sandgåta, var mykje både å sjå og oppleve i skogen. Me leika og kosa oss før me gjekk tilbake til skulen.
Justering av skuledagen for 1.-4. klasse onsdag og fredag.
Frå og med dette skuleåret er det gjort ei endring av lengda på skuledagen for 1.-4. klasse onsdag og fredag. Dette med bakgrunn i at leksehjelpa no er for 4.-7. klasse. Det er leksehjelp måndag og onsdag kl 13.40.
Onsdag er 1.-4. klasse på skulen til kl 13.25(ikkje kl 13.05 som før), fredag er dei på skulen til kl 13.05(ikkje kl 13.25 som før). Skulebussen går onsdag kl 13.40, og fredag kl 13.25 for 1.-4. klasse.
Dersom det er spørsmål til dette - kontakt underteikna.
Kjell
Aktivitetsdag 1. - 4. klasse
Måndag 24 august var 1. til 4. klasse samla til aktivitetsdag på skuleområdet.
Me hadde ein fantastisk dag i sola. Elevane var delt inn klassevis, dei var innom stasjonane bowling, tur, hundeveddeløp og aktivitetsleik som haien kjem.
Trafikkløype i skulegården.
Måndag hadde me i 1.og 2.klasse litt aktivitetar som omhandla trafikk. Elevane jobba først med eit oppgåvehefte og så gjennomførde dei ei trafikkløype ute i skulegården. Her var dei ein 1.klassing i lag med ein 2.klassing. Elevane måtte lese kva som sto på skilta før dei kunne gjennomføre dei ulike oppgåvene i løypa.
Sommartur til Solvorn
"Litt" vind og kjølig luft stoppa ikkje oss. Det vart ein super tur til Solvorn for 1.-4. klasse.
Marihøner med tiarvenner
Viss du ser nøye på prikkane, er det reknestykke som blir til ti.
Sjå dei fine bileta våre
Me laga bilete av stein, blomar, gras og anna som var å finne i naturen utanfor skulen.
Matematikk på tur
1. klasse har besøk av studentar som skal bli barnehagelærarar. Me jobbar med geometriske former no og tok med oss mattepensum ut i naturen. På onsdagsturen til Trollskogen hadde me ulike leikar med geometriske former. Lærerikt for både små og store.