SFO
VEKE 43
Nok ei veke er ferdig, og me har vore litt inne på sfo denne veka, men òg litt ute.
Varmmat denne veka var tomatsuppe. Den skulle ha vært på mandagen, men me utsette det til tysdagen.
PALS: me jobbar med pals på sfo også, og no har me som tema korleis me oppfører oss når me gå til og fra garderoben i sfo tida. Dette temaet vil me jobbe med i eit par veker til.
GOD HELG !
VEKE 42
Første veke etter haustferien er allereie ferdig, og me på SFO har hatt ei fin veke med masse leik ute, og litt aktivitet inne. Varmmat denne veka var taco fredagen, og ungane var sjølv med på å kutte opp alle grønnsakene.
Ynskjer alle ei flott helg
VEKE 40
Nok ei veke med masse uteleik er over, og ungane ser fram til haustferie no.
Varmmat denne veka var pølse og potestappe måndagen. Veldig populært :-)
Personalet på SFO ynskjer alle ei flott haustferieveke, nyt den :-)
VEKE 39
Ei flott veke er ferdig, og både store og små har vært mykje ute i det flotte haustveret.
Onsdag var det havregraut på menyen, og torsdag laga me fruktsalat til "fruktstunda" vår. VELDIG populært med fruktsalaten, så det gjennteke me oftare :-)
God helg til liten og stor :-)
VEKE 38
Jippi, det regna måndagen. Ungane var veldig glade for å få vere inne på sfo denne dagen. Me var òg litt inn på torsdag, sidan me hadde besøk av Judith og babyen hennes. Stas for liten og stor med slikt besøk.
Aktivitetsgruppene var i aksjon onsdagen, men torsdagen var det meir stas med besøket vårt.
Varmmat denne veka vart servert på torsdag med steik fiskepudding på menyen. Overraskande populært hjå dei fleste.
GOD HELG :-)
VEKE 37
Denne veka har me komme godt i gang med aktivitetsplanen vår. Aktivitetsdagane er onsdag og torsdag rett etter mat, og me holder på i ca 45 min. Aktivitetane våre no er songleik, uteaktivitet og spel. Me har vore ute kvar ettermiddag heile veka.
Varmmat denne veka er ostesmørbrød i dag (fredag).
Ha ei fin helg .