5. kl

Mannekengoppvisning
I dag har me delteke på flott mannekengoppvisning på skulen. 5.,6. og 7.klasse hadde profesjonell mannekengframsyning av dei sjølvsydde forklèa sine. Til heftige tonar og vrikk på rompa fekk dei synt flott norsk handtverk. Til glede for alle oss andre som fekk sjå på. Vil du sjå bilet så finn du dei under bileta til 7.klasse.
Minner om at fredag 4.april er det planleggingsdag i barnehagen og elevfri dag
Planleggingsdag og elevfri dag 4.april
2014-03-28
Velkommen til bygdakafè
Fredag den 28.februar kl. 11.00-13.00 inviterar me til bygdakafè.
Kursdag for fleire av dei tilsette
Fredag den 17.januar var kontaktlærarane og rektor på nettverk for fådelte skular/oppvekstsenter. Luster kommune var arrangør og me hadde deltakarar frå Flåm skule, Feios skule, Fresvik skule, Nesse oppvekstsenter, Sagatun oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter, Solvorn oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter og Skjolden oppvekstsenter.

Luciadag med nisse-marsj
Fredag var ein aktiv dag for både små og store. Me starta dagen med samlingsstund. Det var barnehagen som haddde ansvaret for denne og me fekk høyra mange flotte songar.

Ute kle
Vinteren er no over oss, og alle elevane må ha med seg kle til å vera ute i. Me er ute kvar dag og det er derfor heilt nødvendig at elevane har gode, varme kle med seg. Litt bytekle kan det også vera lurt å ha.(ekstra sokkar, vottar, bukse)