4. kl
Velkommen til bygdakafè
Fredag den 24.oktober kl. 11.30-13.30 er det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Det blir sal av kaffi, kaker, lappar og saft. Det vert utlodding og underhaldning.
Inntekta går til Forut sin aksjon i Afrika.
Dugnad på oppvekstsenteret
Me har starta med dugnaden og her kan du lesa om korleis det går

Oppvekstsenteret gratulerer
På fredag 19.sept fekk Stine den glade tilbakemelding om at ho hadde bestått fagprøven

Haust på uteskulen
No jobbar me med tema hausten på uteskulen, og me har plukka både blåbær og tyttebær. Og i dag var det tid for å smake på det me hadde hausta.
![IMG_1668[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2708085.1686.frrvpbqxft/195x0/0_2708085.jpg)
Grønsaksuppe og blåbærmuffins
På fredag hadde me ein skikkeleg arbeidsdag på uteskulen. Alle hadde med seg litt grønsaker kvar og desse skulle delast opp før dei vart putta i gryta. Ei gruppe hadde ansvar for å lage bål og ei anna gruppe var att på skulen for å bake blåbærmuffins. Og blåbæra hadde me plukka sjølve.
![IMG_1663[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2703219.1686.bsvpqyvftq/195x0/0_2703219.jpg)
Tur til Fuglesteg
Tysdag den 26.august var det tid for årets fjelltur og turen i år gjekk til høgdegarden Fuglesteg.
![IMG_1595[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2700958.1686.abfpruqtbs/195x0/0_2700958.jpg)
Blåbærtur
På fredag var 1.-4.klasse på blåbærtur til Sviggahagane. Me fann blåbær som me skal lage blåbærmuffins av. Sjølv om veret ikkje var det beste så hadde me ein fin tur. Vil du sjå bilete frå blåbærturen så må du sjå under bilete på 1.klasse sida.