9. kl
Tur til Kråkeskogen 26. august
Me var nok ein gong heldige med været og kosa oss i Kråkeskogen. Maten åt me ved Hafslovatnet mens me såg småfisken hoppa. Ungane storkosa seg i skogen med forskjellig leik.

Aktivitetsdag 1. - 4. klasse
Måndag 24 august var 1. til 4. klasse samla til aktivitetsdag på skuleområdet.
Me hadde ein fantastisk dag i sola. Elevane var delt inn klassevis, dei var innom stasjonane bowling, tur, hundeveddeløp og aktivitetsleik som haien kjem.

Turdag og stasjonsarbeid
Her kjem nokre bilete frå turdagen me hadde onsdag. Me var ein tur i "Trollskogen" før me gjekk opp til Gerd. Der var sola, me kosa oss i hagen og åt maten vår før me gjekk tilbake til skulen.
Fredag jobba me på ulike stasjonar. Det var data der me øva oss på å bruke tastaturet. Ein stasjon der me sortere leiker. Og tilslutt ein stasjon der me jobba med bokstaven i.