A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

Snømann

Kjekt med snø

Det var fint på måndag då snøen lava ned over Indre Hafslo. Me brukt friminuttane til å lage snømann og den vart kjempehøg.

2013-11-27

Adventskalender

Minner om at elevane innan fredag 29.november må ha teke med seg ei juleinnpakka fyrstikkøskje. Innhaldet skal vere 20 kr, ein snøkrystall og ein lapp med tittel på ein julesang .                                                     

   .adventskalender.jpg

2013-11-23

Me vart med

Oppvekstsenteret har i dag dansa "Bli med" - dansen saman med over 135 000 ungar

2013-10-25
075

Betasuppe og flatbrød

I dag har me laga flatbrød og betasuppe på uteskulen. Alle måtte hjelpa til både med å skjere opp grønnsaker og  bake ut flatbrødet.Og så måtte alle vente på at suppen skulle koke og flatbrødet skulle steikast. Å det tok litt tid.....men du og du kor godt det smaka. Og i uteskuleboka står oppskrift på både flatbrød og betasuppe viss nokon skulle få lyst til å laga det heime. Vil du sjå bilete så gå inn på 1.klasse si side der finn du dei under fana bilete.

2013-10-15
Vaksne skapar vennskap

Vennskapsveka vart avslutta med fletting av band

Etter ei flott veke der me sette eit ekstra fokus på vennskap, avslutta me det heile med å flette vennskapsband til kvarandre.

2013-09-06
Foreldremøte

Foreldremøte 10.september

Det vert arrangert foreldremøte for heile oppvekstsenteret tysdag 10.september

2013-09-05
kaffi

Valkafè

Måndag 9.september kl.11.00-13.30 er det valkafè på skulen. Det blir sal av kaffi,kaker,bollar og saft. Det er 5.,6.og 7.klasse som lagar til kafè denne dagen.
2013-09-05

Leksehjelp måndag 9.september

Måndag den 9.september er skulen vår gjort om til vallokale, og av den grunn så blir det ikkje tilbod om lesksehjelp.
2013-09-05
ut på tur

Tur til Sønnesynstølen

Måndag den 9.september blir det tur til Sønnesynstølen. Elevane må vera kledde etter veret. Dei må ha med seg mat og drikke. Det blir også høve til å ha med seg ein tursjokolade. Dersom foreldre og/eller besteforeldre har lyst til å vera med så er det kjempekjekt:)
2013-09-05
Vaksne skapar vennskap

Vennskapsveka

Udir i samarbeid med alle skulane har no starta opp vennskapsveka

2013-09-03
Powered by CustomPublish AS