A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

9. kl

Foreldremøte 15.09

Her er innkallinga til foreldremøte, vel møtt :)

2015-09-10

1. og 2.klasse på tur

Onsdag 1.september gjekk 1. og 2. klasse på tur saman. Me gjekk øygardsbakkane-sandgota-leikeplassen. Fin tur og flott gjeng. Kjekt å få leika i lag.

2015-09-04

Forme bokstavar ute

Elevane fekk i oppgåve å lage i og l av valfritt materiale ute. Mange kreative og ivrige elevar. Her er nokre eksempel.

2015-09-04

TURDAG 2.september

Onsdag var sola på plass, sekken var full av god mat og drikke. 1. og 2. klasse gjekk på felles tur til leikeplassen på Beimsfelstet. Me hadde ein flott tur opp via Kreken og Sandgåta, var mykje både å sjå og oppleve i skogen. Me leika og kosa oss før me gjekk tilbake til skulen. 

2015-09-03
kh4

Fysak, gulltime og fingermaling

Måndag 31.august hadde me fag-fysak i norsk. Elevane laga både stor og liten i og l av ulike materiale dei fann ute. 

Tysdag 1. september var tida for brakort belønning, me vaksne hadde bestemt at denne gongen vart det ein time med leik på SFO. Ungane storkosa seg :)

Denne dagen hadde me og fingermaling som aktivitet i K/H. Mange syns det var grisete, men me fekk flotte produkt som er på veg heim i sekken. 

2015-09-03

Justering av skuledagen for 1.-4. klasse onsdag og fredag.

Frå og med dette skuleåret er det gjort ei endring av lengda på skuledagen for 1.-4. klasse onsdag og fredag. Dette med bakgrunn i at leksehjelpa no er for 4.-7. klasse. Det er leksehjelp måndag og onsdag kl 13.40.

Onsdag er 1.-4. klasse på skulen til kl 13.25(ikkje kl 13.05 som før), fredag er dei på skulen til kl 13.05(ikkje kl 13.25 som før). Skulebussen går onsdag kl 13.40, og fredag kl 13.25 for 1.-4. klasse.

Dersom det er spørsmål til dette - kontakt underteikna.

Kjell

 

2015-09-01
Powered by CustomPublish AS