10. kl
Langtur via Lomheim
Kjempefin turdag i fint haustver i dag. Me gjekk opp til leikeplassen i Beheimsfeltet, og deretter vidare opp til Lomheim der me hadde matpause. Etterpå gjekk me nedatt via Alme. Ny og spennande tur for ivrige og spreke 2.klassingar.
Dans 2. og 3.klasse
2.klasse hadde eit ynskje om å lære seg å danse "Agadoo"-dansen som 3.klasse viste på kulturkafeen. Dette er ein dans som me nyttar i klasserommet for å få rørt litt på oss i løpet av ei arbeidsøkt. 2.klasse kom på besøk til 3.klasse og me dansa dansen i lag:) Ein kjekk aktivitet for to kjekke klassar.
Kunst og håndverk
Me har laga rundvev med fine fargar i dag. Elevane var strålande fornøgde med produkta sine. Fine fardagsgåver.
Vinnarane av tippekonkurransen
1. klasse: 126 ark - Isak H. Sørensen
2. klasse: 8120 g - Jan Olav Stølen
3. klasse: 233 nonstopp - Nina H. Sørensen
4. klasse: 5,5 m - Linn Marie Urdshals
Turdag til Kråkeskogen.
2.klasse har hatt ein kjempefin turdag til Kråkeskogen. Det starta med tung tåke, men etterkvart vart det flott sol og fint. Gutane har leika i stranda med fisking og høyturking. Jentene har leika i sanden med bygging av diverse byggverk og litt graving...