A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

VEKE 14

Enda ei flott veke er ferdig, og me var mykje ute denne veka òg. 

Me prøver å bytte dag på Røris. No blir det på tysdagar klokka halv tre. På onsdag hadde me vanleg brødmat inne, og gjekk deretter ut og fyrte opp bålpanna. Der laga me sjokoladekake i uthula appelsinskal. Litt ulike meiningar om det var godt eller dårleg :-)

Me har så smått byrja på påskeforberedingar. I år så får dei som vil lage noko til påske. Det blir altså ikkje obligatorisk for alle.   

2014-04-07

VEKE 13

Ei flott veke er nesten ferdig. Når me har så flott ver som no er me mykje ute på SFO. Det er kjekt å sjå at me er komme i gang med vårleikar. No er det "poppis" å hoppe tau, slengtau og strikk :-) På månadsplanen står det at me skulle ha starta opp med påskeaktivitetar, men dette har me utsett på grunn av det fine veret.

På tysdag var det "den store vaffeldagen". Då overraska me med vafler, noko som vart veldig godt motteke. Onsdag hadde me godt pålegg og kakao. Røris6 hadde me før mat onsdag. og fredagen avsluttast med ein god time i gymsalen.

GOD HELG :-)

 

 

2014-03-28

VEKE 12

Veldig skiftande ver har prega denne veka, men me har fått hatt litt uteaktivitetar. Røris6 vart gjennomført som vanleg på onsdag, og fredagen avslutta me med gymsalen. Detter er veldig populært, og alle ungane er aktive der.

Varmmat denne veka: pølse/makaroni gryte (pølse og makaroni i kvit saus).

Sfo ynskjer alle ei god helg :)

2014-03-21

VEKE 11

Denne veka har me vore mykje ute i flott vårver.

Tysdag ettermiddag var nokre ungar med å bake grove rundstykke, og onsdag fyrte me opp bålpanna og hadde betasuppe med rundstykker til. Kjempekjekt å ete ute i det fri, sjølv om det er midt på skuleplassen.

På onsdagen hadde me ei økt med Røris6 før maten ute vart servert

Fredag avsluttast med ein time leik og aktivitet i gymsalen. Me vil prøve å være i gymsalen i ca ein time dei fleste fredagane framover.

GOD HELG !

2014-03-14

VEKE 10

Denne veka starta med fint utever og slutta med fint innever. Me ser at nokre born framleis ikkje har bytekle liggande i garderoben. Regnkle er òg nødvendig.

Varmmat denne veka var ostesmørbrød på tysdagen.

Me ynskjer å få til ein fast dag med Røris6 og prøver no i mars å få det til om onsdagane. Me har det gjerne fleire gonger i veka, men då blir det på litt tifeldige dagar.

På torsdagen ommøblerte me litt på sfo. Matborda står no i to langbord, og ungane har fått nye plasser.

GOD HELG :-)

2014-03-13

VEKE 9

No er me godt i gang igjen etter ferien.

Tysdag hadde me graut sjølv om det ikkje stod på månadsplanen. Mykje mjølk til overs var årsaken til det. Onsdagen blei det baka bollar som me hadde til fastelavensfeiring fredagen. Lite ungar på sfo fredagen etter skidagen, men dei som var her fekk fastelavensbollar med krem,vaniljekrem og syltetøy....... nam, nam...

Me er UTE på ettermiddagane på sfo, det er derfor veldig fint om ungane har noke bytekle liggjande på skulen. Dersom ungane har vore mykje ute i skuletida har dei kanskje blitt blaute i løpet av dagen, og treng turre kle til sfo.

2014-03-03

VEKE 6

I veke 6 starta me opp med "røris". Dette er bevegelse til musikk, og er eit treningsopplegg som gjer det morsomt å trene for alle. Me har som mål å gjennomføre dette kvar veke, og gjerne fleire gonger i veka dersom det høver slek.

Me hadde ikkje varmmat, men tysdagen serverte me pastasalat med kylling. Dette vart overraskande godt motteke av ungane, så me prøver det igjen en annan gong.

Fredag hadde me felles tur rundt i nærområde, og avslutta den runden med ei lita stund på isen.

2014-02-10

VEKE 5

Vekene flyg fort tykkjer me, og denne veka har det vore mykje vind. Me kunne difor ikkje bruke bålpanna som planlagd, men laga tomatsuppa inne i stadenfor ute. Dette var om onsdagen.

Me har vore noke ute og noke inne denne veka. Me ynskjer å få være ute litt stort sett kvar dag.

Ny månadsplan ligg no på nett, og heng også i gangen inn til SFO. Der heng det òg ei plastlomme med månadsplanar som de kan finne dykk. 

 

2014-02-03

Veke 3

Nok ei veke er historie på sfo,en vår, og me har hatt ei kjekk veke. Aktivitetsgruppene har hatt ulike spel i fokus, og dette er veldig populært.

Varmmat denne veka var fiskeburgere med salat på tysdagen. Det er kjekt å sjå at dei aller fleste borna hjå oss likar fiskeprodukter.

Minner om at månadsplanane ligg her på nett, men heng òg som oppslag ved SFO-inngongen. Der heng det ei mappe med mange kopiar av månadsplanen som de berre kan forsyne dykk av.

2014-01-19

VEKE 2

Fyrste heile veka på skulen i det nye året er omme, og me har hatt ei kjekk veke med masse ulike spel på dagsordenen. Me bruker mange pedagogiske spel på sfo, og me ser at borna er ivrige på å lære. Me vil ha forkus på spel ei veke til, deretter blir det mykje aktivitetar med fokus på fysisk aktivitet.

Veke 2 hadde me ikkje varmmat, men me laga kakao på fredag. Då hadde me òg mykje godt pålegg til brødmaten.

 

2014-01-13
Powered by CustomPublish AS