6. kl
Tradisjonsmat på kjøken
Dei to siste vekene har mat og helse-gruppene fått prøve seg på god gammal husmannskost på kjøkenet, kjøttkaker, brun saus, ertestuing og fruktgraut - alt laga frå botn av! Elevane var enige om at dei heimelaga kjøttkakene var betre enn dei ein kjøpte på butikk
.
Leseveke, veke 5-7
Veke 5-7 skal elevane ha leseveke. Då les vi mykje på skule i tillegg til heime. Vi skal også lære å skrive bokmelding. I veke 7 skal elevane på mellomtrinnet ha lesevaka. Då overnattar dei på skulen og har ulike aktivitetar knytta til bøker og lesing. Vi gledar oss til tre veker med mange gode bøker.

Ski i skulen
Alle elevane på Indre Hafslo oppvekstsenter er på ski kvar veke. Me er så heldige å ha skiløyper rett utanfor døra, og dei må me sjølvsagt bruke. I tillegg så er det fine løyper på Vindamyrane, og me set svært stor pris på at me har snille naboar som let oss få bruke desse. I dag var det 1.-4.klasse som hadde sin utedag og alle kosa seg både med skigåing, mat og drikke.
Uteskule for 5.-7.kl.
På onsdag blir det skiaktivitet for 5.-7.kl. Då må alle elevane ta med langrennski på skulen. Hugs klede etter vêret! Byteklede og eit ekstra vottepar.

God jul
Me dette flotte bilete frå ein kjempefin tur til Fuglesteg vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god jul!

Jul på oppvekstsenteret
Me har lagt bak oss ei travel, men svært så innhaldsrik veke på skulen. På tysdag hadde me juleverkstad, og mange flotte julegåver vart laga. Ein del føresette og besteforeldre deltok også, og det set me stor pris på.

Velkommen til julefest
Tysdag den 9. desember kl. 18.30 vert det tradisjonell julefest på Indre Hafslo oppvekstsenter
Matte veke 50
https://www.youtube.com/watch?v=Se5ILBubzGk
Her er ei lita innføring i neste veke sitt matte-tema; linje, linjestykke, stråle og punkt

Adventssamling
Kvar fredag i heile desember samlar me heile oppvekstsenteret til koseleg adventssamling. Klassane og barnehagen har ansvar for kvar si samling, og den føste gongen var det 1. og 2.klasse som hadde programmet. Først kveikte me det første lyset ,og etterpå både sang og dansa dei for oss. Vil du sjå bilet frå samlinga så kan du sjå under bileta til 1. klasse.
Mat og helse veke 49 og 50
Minner om at elevane må ha med vanleg niste og ein kakeboks til mat og helse i desse vekene.