5. kl

God jul
Me dette flotte bilete frå ein kjempefin tur til Fuglesteg vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god jul!

Jul på oppvekstsenteret
Me har lagt bak oss ei travel, men svært så innhaldsrik veke på skulen. På tysdag hadde me juleverkstad, og mange flotte julegåver vart laga. Ein del føresette og besteforeldre deltok også, og det set me stor pris på.

Velkommen til julefest
Tysdag den 9. desember kl. 18.30 vert det tradisjonell julefest på Indre Hafslo oppvekstsenter
Vinklar, måle og teikne
Her er ei lita YouTube - innføring i neste veke sitt matte-tema: VINKLAR

Adventssamling
Kvar fredag i heile desember samlar me heile oppvekstsenteret til koseleg adventssamling. Klassane og barnehagen har ansvar for kvar si samling, og den føste gongen var det 1. og 2.klasse som hadde programmet. Først kveikte me det første lyset ,og etterpå både sang og dansa dei for oss. Vil du sjå bilet frå samlinga så kan du sjå under bileta til 1. klasse.
Mat og helse veke 49 og 50
Minner om at elevane må ha med vanleg niste og ein kakeboks til mat og helse i desse vekene.
Dataoppgaver til geometri
2014-11-24Violet Road - Can you hear the morning singing!
Her er sangen me øver på no i 5.-7.klasse!