3. kl

God jul
Me dette flotte bilete frå ein kjempefin tur til Fuglesteg vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god jul!

Jul på oppvekstsenteret
Me har lagt bak oss ei travel, men svært så innhaldsrik veke på skulen. På tysdag hadde me juleverkstad, og mange flotte julegåver vart laga. Ein del føresette og besteforeldre deltok også, og det set me stor pris på.

Velkommen til julefest
Tysdag den 9. desember kl. 18.30 vert det tradisjonell julefest på Indre Hafslo oppvekstsenter

Adventssamling
Kvar fredag i heile desember samlar me heile oppvekstsenteret til koseleg adventssamling. Klassane og barnehagen har ansvar for kvar si samling, og den føste gongen var det 1. og 2.klasse som hadde programmet. Først kveikte me det første lyset ,og etterpå både sang og dansa dei for oss. Vil du sjå bilet frå samlinga så kan du sjå under bileta til 1. klasse.
![IMG_1998[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2774210.1686.swxrpuxvef/195x0/0_2774210.jpg)
Tema hausten
I 1.-4.klasse har me no jobba med tema haust. På uteskulen har me laga haustbøker med både matoppskrifter, songar og tekstar. I kunst og handverk har me laga mykje fint både med trykk og med fargar. Av haustblada med sine flotte fargar kan ein lage dei finaste dyr, berre sjå her. Vil du sjå fleire bilet av det vi har laga så kan du sjå i bileta til 1.klasse.
![IMG_1984[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2762721.1686.rdpsqysfuc/195x0/0_2762721.jpg)
Bygdakafè
I dag var mykje folk samla til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Barnehagen hadde Forut-aksjon, og gevinstane var frå Forut. På kafèen hadde 1. og 2.klasse laga gode lappar, kaker og kaffi. 1.-4.klasse underheldt med ein engelsk song, ein norsk song og ein dansk song.
Velkommen til bygdakafè
Fredag den 24.oktober kl. 11.30-13.30 er det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Det blir sal av kaffi, kaker, lappar og saft. Det vert utlodding og underhaldning.
Inntekta går til Forut sin aksjon i Afrika.
Dugnad på oppvekstsenteret
Me har starta med dugnaden og her kan du lesa om korleis det går