SFO
Velkomen til nytt SFO-år
Då startar me igjen etter sommarferien.
Her finn de månadsplan for august 2014: SFO, MÅNADSPLAN AUGUST 2014.pdf
VEKE 25
Siste skuleveka før sommarferien er over. Me har kosa oss masse på sfo denne veka. Vafler på måndag, og foreldrekaffi på onsdag med kaker og vannmelon. Det ble litt kake igjen, så me åt resten på torsdag. Mykje leik ute, og litt inneleik på torsdag.
Då gjennstår det for sfo-leiar og alle tilsette på sfo å ynskje kvar og ein av dykk ein FLOTT SOMMAR !!! og velkommen til eit nytt sfo-år 18 august.
VEKE 24
No nærmar sommarferien seg, og me rydder litt på sfo. I løpet av forrige veke og denne veka skal alle ungane ha fått med seg heim diverse arbeid/teikningar som ligg i skuffene deira.
Me hadde både vafler og pizza i veke 24, så me kosa oss mykje. Noko ineleik er alltid populært, men me er mykje ute.
VEKE 22 og 23
Veke 22 var ei kort veke med berre tre dagar på skule/sfo. Onsdagen kveikte me bålpanna vår og alle ungane fekk grille pølsene sine sjølv. Brød eller lompe fulgte også med, pluss saft.
Mykje fin uteleik :-)
Veke 23 var ei vanleg veke. Mykje forskjellig leik både inne og ute. Fredagen var me inne på sfo, og det var VELDIG stille og roleg. Me trur ungane var godt sletne etter ein lang dag på tur ulike plassar. Me sette på ein film, og ungane slappa godt av rundt tv,en. Me prøvde oss på rabarbrasuppe, men berre nokre få ungar likte dette. Kanskje det er betre med rabarbra-stenger og dyppe i sukker? :-)
VEKE 21
Forrige veka byrja me å tegne litt sommarteikningar som me vil pynte med på sfo. Ei variert veke med nokre innetimar og nokre utetimar på sfo. Me merkar godt at me har vore stort sett heldige med veret, for ungane er veldig glade når det blir litt ruskever, og vi tillete inneleik :-)
På fredag var det pølse med brød, og masse is. JIPPI !!!!
VEKE 20
Me lagde flott 17.mai pynt denne veka. Det norske flagget ble laga med både maling, fargeblyanter, perlig og fargaark. Mange flotte kunstverk med flagget i sentrum.
Fredagen avslutta me med polarpizza, og dei aller fleste likte den. Etter maten gjekk me i eit klasserom og såg film, noko vi garanter kjem til å gjere fleire gonger.
Veke 19
Veke 19 var ei variert veke på SFO. Me var litt inne og litt ute. Me innvia 8 nye hoppestokkar, og ungane lærte imponerande fort kunsten å hoppe på dei. Konkurransen om å hoppe flest gongar kom fort på bana, og det finaste med heile konkurransen var at dei fleste konkurrerte mot seg sjølv om å bli bedre :-)
Varmmat denne veka var tomatpølsegryte på torsdag. Dette var så populært at me satsar på å få lage den med jamne mellomrom.
VEKE 18
Dette var ei kort veke, men me fekk nokre fine dagar på sfo likevel.
Det var ikkje varmmat denne veka, men me bakte eplekake på onsdagen. Me var ikkje so mange den dagen, så me putta mykje kake i frysen til eit seinare høve.
Me hadde ei lang Røris-økt på tysdagen, og no byrjar ungane å bli verkeleg gode på dette.
VEKE 17
Så var vi i gang igjen etter påske, og me har hatt nokre flotte dagar på SFO. Supert utever og gode temeraturar gjer noko med humøret til liten og stor. Me har vore mykje ute denne veka, berre inne til mat. Teikning, hoppe tau/slengtau, sparka fotball, hoppe paradis er nokre av aktivitetane ute.
Varmmat denne veka var havregrynsgraut på onsdag, noko som er veldig populært, og dei fleste ungane likar.
GOD HELG :-)
VEKE 15
No trur me dei fleste er klar for påskeferie.
Denne veka har me vært noke inne og noke ute. Ute har det vore populært å hoppe tau og slengtau, og sjølvsagt også fotball. Inne har me perla, lage påsketing, og nokre av ungane har òg vore med å laga perleskåler. Hama-perler blir lagt i ei lita eldfast skål, og deretter "steikt" i ovnen nokre minuttar. Vips... så har me fått ei fin skål :-)
Røris hadde me på tysdag.
Me har ikkje hatt varmmat denne veka, men fredag avsluttast med mykje godt pålegg. Smoothie til frukt på fredag, og jammen trur me at påskeharen har vore å gjøymt eit egg med noke rart inni....
GOD PÅSKE TIL DYKK ALLE !!!