A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

022

Ski i skulen

Alle elevane på Indre Hafslo oppvekstsenter er på ski kvar veke. Me er så heldige å ha skiløyper rett utanfor døra, og dei må me sjølvsagt bruke. I tillegg så er det fine løyper på Vindamyrane, og me set svært stor pris på at me har snille naboar som let oss få bruke desse. I dag var det 1.-4.klasse som hadde sin utedag og alle kosa seg både med skigåing, mat og drikke.

2015-01-23

Uteskule for 5.-7.kl.

På onsdag blir det skiaktivitet for 5.-7.kl. Då må alle elevane ta med langrennski på skulen. Hugs klede etter vêret! Byteklede og eit ekstra vottepar.

2015-01-04
037

God jul

Me dette flotte bilete frå ein kjempefin tur til Fuglesteg vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god jul!

2014-12-19
014

Jul på oppvekstsenteret

Me har lagt bak oss ei travel, men svært så innhaldsrik veke på skulen. På tysdag hadde me juleverkstad, og mange flotte julegåver vart laga. Ein del føresette og besteforeldre deltok også, og det set me stor pris på.

2014-12-19
juletre

Velkommen til julefest

Tysdag den 9. desember kl. 18.30 vert det tradisjonell julefest på Indre Hafslo oppvekstsenter

 

2014-12-09
007

Adventssamling

Kvar fredag i heile desember samlar me heile oppvekstsenteret til koseleg adventssamling. Klassane og barnehagen har ansvar for kvar si samling, og den føste gongen var det 1. og 2.klasse som hadde programmet. Først kveikte me det første lyset ,og etterpå både sang og dansa dei for oss. Vil du sjå bilet frå samlinga så kan du sjå under bileta til 1. klasse.

2014-12-03

Mat og helse veke 49 og 50

Minner om at elevane må ha med vanleg niste og ein kakeboks til mat og helse i desse vekene.jul.gif

2014-12-02
Nissefest

Julefest

Årets julefest vert kl.18.30 tysdag 9.desember

2014-12-04
Powered by CustomPublish AS